Landets fyrste Parkour-linje er klar! Vi tipper du vil like den…
Parkour.Xsports lovar dagar med flyt, anten du er freerunner, tricker, buldrer, jibber, turner, dødser, klippehoppar eller heilt nybegynnar på det meste. Det viktigaste er at du er gira!
Du vil jobbe med triks som eksempelvis wallflip og wallspin, frontflip og backflip, sideflip, cork og cat pass. Din nye leikeplass vil vere to splitter nye turnhallar med trampoliner og skumgroper rett ved skulen. Dei er klar hausten 2022. Vi disponerar også ein Airtrack, og i Ålesund er det to trampolineparkar. I tillegg blir det workshops og jams med gjengen i Oslo Parkour Park.
På vinteren pusher du i parken på Strandafjellet Skisenter og Bjorli. Det blir også eit opplegg med jibberen Andreas Håtveit i hans eigen Backyard. I Hoddevika på Stad surfar du grønne bølger og i Skatehallen i Ørsta tek du kanskje din første kickflip.
Den nye klatrehallen i Ulsteinvik har ruter frå grad 4 til 8+ der du kan henge så mykje du vil på fritida. Og hvis du er gira på stuping står eit nytt badeland og ventar på deg sju dagar i veka, gratis det også. Her bygger du grunnlag til å dødse med ein verdsmeister (Asbjørg Nesje) på slutten av året.
Uansett ferdigheit og nivå: Studier og lesesal kan berre vente. Neste stopp blir Sunnmøre.