Vi lovar dagar med flyt, anten du er freerunner, tricker, buldrer, jibber, turner, dødser, klippehoppar eller berre generelt gira.
Din nye leikeplass er ein splitter ny turnhall rett ved skulen. Her finn du tumblingmatter, trampoliner og skumgrop der du kan jobbe inn nye triks. I tillegg blir det workshops og jams i ulike trampolineparkar og med gjengen i Oslo Parkour Park.
På vinteren ventar Sør-Afrika med fallskjermhopp, kitekurs og verdas lengste strikkhopp på 216 m. Når snøen kjem, pusher du på Strandafjellet Skisenter. I Hoddevika surfar du grøne bølger og i Skatehallen legg du ut ein edit frå din fyrste kickflip.
I bygda sin ny klatrehall kan du henge så mykje du vil på fritida. Og hvis du er gira på stuping står eit nytt badeland og ventar på deg. Her bygger du grunnlag for å dødse med ein verdsmeister på slutten av året. Du veljer høgda og ambisjonsnivået, ho gjev deg tipsa. Det er ein bra deal.
Nokre av dagane vil du vere saman med skulen si idrettsklasse og vil kunne velje linjeopplegg ut i frå dine interesser. Dermed får du både variasjon, fleire klassekameratar og det beste frå den linja også.
Neste stopp: Location Sunnmøre!