Linjeinnhald / Bilde / Film / Studietur / Sosiale medier / Pris

MUSIKK.EVENTYR.NEWYORK

Ei linje med mykje musikk miksa med dei beste eventyr Sunnmøre har å by på.

I alle eventyr er det nokre gode hjelparar. På kvardagar møter du dei i form av aktive lærarar, bandfolk og songarar. Men nokre dagar i året er det greit å kome seg ut og sjå det Sunnmøre og halve kongeriket har å by på. Då venter dagar med topptur, ski, surfing og klatring.

I øvingslokala og på klubbscena er det intimkonsertar, miljøcafé og jamsessions. I løpet av året er du på turné og under musikalen står du på scena framfor 2500 tilhøyrarar. I New York og London kan du velgje og vrake mellom ulike seminar, konsertar og førestillingar.

I det nye studioet lærer du meir om låtproduksjon, opptak, miksing og effektar. Instrument, Mac’ar og Logic er til fri bruk. Dei heile avsluttast med innspeling av musikkvideo.

Vi kan ikkje love at du lever lukkeleg alle dine dagar, men vi skal jobbe hardt for at du får eit eventyrleg år!

 

Linjeinnhald

  • Studietur New York og London
  • Plateinnspeling
  • Huskonsertar
  • Turné
  • Musikal
  • Studioarbeid
  • Låtproduksjon
  • Rytmelære
  • Band
  • Musikkvideo
  • Arrangering
  • Komponering
  • Samspel
  • Sangteknikk
  • Besifring piano/gitar
  • Surfing
  • Toppturar
  • Kajakk
  • Ski/brett
  • Klatring

Kombinasjonen av musikk og friluftsliv er ikkje eit vanleg folkehøgskuletilbod. Det er difor vi tilbyr det.

La oss gå rett på sak: Om du ynskjer eit år med så mykje musikk som mogleg, finst det andre skular som har eit meir omfattande tilbod.

Denne linja er for deg som likar å spele eller synge ein god del, men som også har lyst å utnytte nokre av dei eventyra som Sunnmøre har å tilby. Ein surfedag i Hoddevika eller ein skidag i laussnøen på Strandafjellet Skisenter krydrar kvardagane og gjev små avbrekk i alt arbeidet i musikkstudio.

Gjennom skuleåret gjer musikklinja veldig mykje forskjellig. Som du allereie har oppdaga, vil det i det daglege vere grunnleggande musikkopplæring, bandspel, vokal, låtproduksjon, studioarbeid etc. I tillegg til dette vert det ulike prosjekt gjennom året. Du får jobbe med musikal saman med heile skulen, og du vil ha større og mindre konsertar der du vil opptre saman med elevane på linja Låtskriving.Studio.NewYork.

Målet med linja er at vi gjennom arbeid med song, samspel og formidling vil legge til rette for at du får vidareutvikle og bruke dine musikalske evner og ferdigheiter.

Ny musikkavdeling
På skulen har vi ei ny musikkavdeling med tilhøyrande studio og øvingsceller som berre ventar på at du skal ta det i bruk. Studioet vil vi bruke aktivt både til eigen låtproduksjon, og til opptak og produksjon av andre sine prosjekt.

På øvingscellene står det iMac med midikontrollar og lydkort, slik at ein kan jobbe uforstyrra med skuleoppgåver og eigne prosjekt. Når det gjeld programvarer, brukar vi i hovudsak Logic på skulen. Det betyr ikkje at du ikkje kan bruke andre program, men mesteparten av undervisninga vil gå føre seg med utgangspunkt i Logic.

Studieturar
I november dreg begge musikk-klassene på ein to-tre veker lang tur til New York. Litt lenger nede på nettsida kan du lese meir om den turen. Der kan du også lese om turen til London i ei lita veke i februar. Begge reisemåla er spekka med storbypuls og musikkopplevingar som overgår det sjølv Ulsteinvik kan by på…

Sunnmøre på sitt beste
Når det gjeld friluftsliv, så ligg skulen flott til med havet på eine sida og Sunnmørsalpane på den andre sida. Dermed ligg det godt til rette for eventyrlege opplevingar i form av surfing, klatring, toppturar, kajakk og ski/brett. Musikkfaget utgjer cirka 80 prosent og friluftslivslivsdelen cirka 20 prosent. Om du heller vi bruke heile tida di i studio eller øvingslokala, er det fullt mogleg.

Nytt linjenamn
Musikklinja har fått eit nytt namn og eit nytt reisemål. Du vil kanskje finne informasjon om den tidlegare linja Musikk.Friluftsliv.Cuba på sosiale media og YouTube. Mykje er likt, men vi lovar at denne linja er ei meir oppdatert og forbetra utgåve av den gamle.
Vel møtt!

 
gallery

Bilde

Magiske sekund. Vener for livet

Eit år på folkehøgskule byr på mange magiske augneblikk. Nokre av dei lagrar du på netthinna. Andre festar du på ein minnebrikke.

Her ser du noko av kva som skjer på linja. Du finn fleire bilete på instragram (@musikksunnmorefhs) og på linja sine facebooksider.

 
video

Film

Musikk på 1-2-3.

Har du eit lite minutt? Då kan du få eit lite innblikk i kva som ventar deg på linja.

Sjekk også linja på Youtube, Facebook og Instagram for meir informasjon.

video
 
tour

Studietur

Saman med ei anna musikklinje på skulen får du studieturar til New York i november og London i februar.

New York
Du treng ikkje like Mac for å trivast i «The Big Apple». For New York er ein stad alle vil reise til. Og ikke utan grunn. I byen som aldri søv skjer det så mykje at vi likegodt kan gå ut med ein opplevelsesgaranti fyrst som sist. Verdas hippaste by leverer den beste livemusikken og her er det berre å velgje og vrake mellom gratiskonsertar og store scener.

London
Du treng ikkje reise langt for å oppleve heftig storbypuls. London er ein av verdas musikkhovudstadar og er kjend for musikalar, musikkstudios og konserthus. Her får du det meste av det beste og det er nesten for mykje å sjå på. I denne byen blir du inspirert av kunst, historie, teater, danseforestillingar og konsertar.

 
Sosiale medier

Sosiale medier

@musikksunnmorefhs
Neste års musikklinjer er, Låtskriving.Studio.NewYork og Musikk.Eventyr.NewYork!! Finn meir informasjon om dei ulike linjene på vår heimeside 😀 Link i Bio!
Sjå fleire bilete
instagram
 
prices

Pris

Kostnadar skuleåret 2017-2018
Felleskostnadar:

Innmeldingspengar: kr 2 500,-

Oppholdspengar (kost/losji): kr 73 000,-

Felleskostnader (m.a. utstyrsleige, kopiering, valfag, opplegg og fellesturar): kr 13 000,-

Enkeltrom: kr 9 000,- (vi har begrensa antal rom).

Til saman: kr 88 500,- (dobbeltrom).

Summane i linjetillegget er ut ifrå budsjett. Skulen tek difor atterhald om endringar grunna t.d. valutakursar, prisar på flybillettar og andre tilhøve som vi i liten grad kan påverke.

Elevar som treng spesialmat må pårekne ein ekstra kostnad ut ifrå behov.

Statens Lånekasse gjev stipend og lån i 10 månader (www.lanekassen.no).

Linjetillegg (inkl. utanlandsturar):
Leiartrening: kr 12 000,-
Låtskriving.Studio.NewYork: kr 38 000,-
Musikk.Eventyr.NewYork: kr 40 000,-
Idrett.Ball.Sør-Afrika: kr 32 000,-
Global.Safari: kr 55 000,-
Golf.Idrett.Sør-Afrika: kr 40 000,-
Multisport.Sør-Afrika: kr 40 000,-
SjøSnøSurf.Hawaii: kr 42 000,-
Butrening.Aktivitet * kr 25 000,-

* Linja krev i tillegg eit tilskot frå NAV.