INTERNASJONAL LINJE

Linjeinnhald / Bilde / Film / Studietur / Sosiale medier / Lærar / Pris

Internasjonal linje er eit halvårskurs som har base på skulen. Du vil jobbe med eit lokalt utgangspunkt og eit globalt perspektiv.

Halvårskurset er knytt opp som del to av programmet Communication for Change (CFC) til KFUK/KFUM der du på hausten er utplassert i eit av partnerlanda. Du treng likevel ikkje å ha fylgt dette programmet for å gå internasjonal linje. Grunna omlegging av CFC-programmet, køyrer vi dette kurset for siste gong våren 2020. Det er difor ikkje mogleg å søkje denne linja vidare.

For meir informasjon om CFC, sjå deira heimeside.

Halvårskurset er lagt opp som ei god blanding av praktiske erfaringar, foredrag og refleksjonar i grupper. Gjennom året på internasjonal linje vil du ha praksisplass hjå KFUK-KFUM  samt lokale aktørar på Sunnmøre. Linja opnar også opp for eit møte med norsk kultur og natur der du får ta del i fellesopplevingar med andre elevar i den storslåtte sunnmørsnaturen.

 

Linjeinnhald

  • Religionsforståing
  • Dialog
  • Konflikthandtering
  • Kulturmøter
  • Internasjonal politikk
  • Utvikling
  • Bistand
  • Etisk handel
  • Menneskerettar

Les meir om linja

Laster...
 

Bilde

Det vil kome ein eigen bildeserie for linja. I mellomtida kan du sjå nokre generelle bilder frå livet på skulen.

 

Film

Det vil kome ein eigen film for linja. I mellomtida kan du sjå skulen sin generelle promofilm.

video
 

Studietur

Sunnmøre! Du treng ikkje meir.

Studieturane på dette halvtårskurset er på Sunnmøre. På din nye heimebane finn du dei sju underverka Geiranger, Hjørundfjorden, Ålesund, Flø, Strandafjellet, Sunnmørsalpane og Runde. Her får du med andre ord UNESCO og verdensarv, djupe fjordar og sylkvasse vestlandstindar, fuglefjell og skikøyring i verdsklasse. Du får òg spennet mellom Noregs vakraste by og ein liten kunstnerstad.

Vi sei berre velkomen og velbekome.

 

Sosiale medier

Instagram icon Sjekk oss ut på @sunnmorefhs
 

Lærar

Lærar
Ingeborg Vale Opdal
io@sufh.no | 70009600 | 97981192
Ingeborg er Hødd-henta frå London med ein bachelor i internasjonale studier. Ho er ein tidlegare elev som pratar raskare enn sin eigen skugge, antan det gjeld kroppsspråk, norsk eller engelsk. Ingeborg har vore i nær 100 land, men testar no ut Vestlandet.
 

Pris

Kostnadar skuleåret 2020-21
Felleskostnadar:

Innmeldingspengar:
kr 2 500,-

Oppholdspengar (kost/losji):
kr 77 000,-

Felleskostnader (m.a. utstyrsleige, kopiering, valfag, fellesturar):
kr 14 000,-

Enkeltrom (begrensa antal rom):
kr 9 000,-

 

Til saman (m/dobbeltrom):
kr 93 500,-

Summane i linjetillegget er ut ifrå budsjett. Skulen tek difor atterhald om endringar grunna t.d. valutakursar, prisar på flybillettar og andre tilhøve som vi i liten grad kan påverke.

Elevar som treng spesialmat må pårekne ein ekstra kostnad ut ifrå behov.

Statens Lånekasse gjev stipend og lån i 10 månader (www.lanekassen.no).

Linjetillegg (inkl. utanlandsturar):
Leiartrening: kr 12 000,-
Låtskriving.Studio.NewYork: kr 36 000,-
Musikk.Friluft.Sør-Afrika: kr 38 000,-
Film.Sunnmøre.Europa kr 38 000,-
Idrett.Ball.Sør-Afrika: kr 32 000,-
Global.Safari: kr 55 000,-
Golf.Idrett.Sør-Afrika: kr 40 000,-
Multisport.Sør-Afrika: kr 40 000,-
SjøSnøSurf.Interrail: kr 40 000,-
Bo.Aktiv * kr 25 000,-

* Linja krev i tillegg eit tilskot frå NAV.