GOLF.IDRETT.SØR-AFRIKA

Post bilde

Denne linja har ingen ”hole-in-one”-garanti. I staden kjem vi med ein ”all-in-one”-lovnad. For her speler du ikkje golf heile året.

Utanfor golfsesongen vil ballspel og ski/snowboard dominere, medan aktivitetar som surfing, paragliding og paintball spriter opp kvardagen og klassemiljøet.

Sør-Afrika tilbyr fantastiske golfbaner, golfundervisning for born i townships og det er mogleg for adrenalinkick med strikkhopp eller dykking med kvithai.

På Sunnmøre Golfklubb vil både den etablerte golfar og nybyrjaren få god instruksjon av ein lærar med 4,5 i handicap og klubben sin PGA-pro. Vi spelar på ulike baner på Sunnmøre og Sør-Afrika og reiser på trenings­leir til Spania på vinteren.

På Sunnmøre Golfklubb har du gratis ­spelerett. Den ligg berre eit langt utslag frå skulen.