Sør-Afrika

I februar pakkar vi duffelbagen for den siste av tre utlandsturar. Då er det ankomst Sør-Afrika.

Sjølv om Apartheid formelt er avskaffa, har regnbogenasjonen Sør-Afrika mange spennande og krevjande utfordringar.

I samarbeid med Sør-Afrika KFUM set vi fokus på globalt medborgarskap gjennom kurset “From Subject til Citizen” og vandringa i Mandelas fotsport. Vi får også møte unge vaksne som bur i Durban, Pietermartitzburg og Cape Town.

Vi får innblikk i kultur, historie og samfunnsliv, og kva som vert gjort for å skape forandring, fred og ei betre framtid for alle sør-afrikanarar.

Det vert også tid til spennande aktivitetar der du får utfordre grensene dine, til dømes Big Rush Rope Swing i Durban, surfing i Det Indiske hav, surfing i Atlanterhavet, fallskjermhopp og zipline (nokre av desse aktivitetane må du betale sjølv).

Aktuelle organisasjonar og stemmer

  • YMCA South Africa i Durban, Pietermaritzburg og Cape Town
  • Robben Island Museum /Robben Island ex-politcal prisoner
  • Howick Mandela Capture Site
  • Kurset på S2C/Powerspace (From Subject to Citizen)
  • “South Africa for Dummies”