LINJEINNHALD

Post bilde

Global Safari reiser til Midtøsten og Sør- og Øst-Afrika, nærare bestemt Palestina, Israel, Sør-Afrika og Tanzania.

Linja er på utlandsreise vel sju veker i løpet av året. Vi har eit godt samarbeid med KFUK og KFUM i desse landa, noko som sikrar oss å kome tett på menneska og kulturen.

Tida linja ikkje er på reise i utlandet, vert delt mellom for-og etterarbeid i samband med utlandsturane, og Safari Sunnmøre, med ulike dagsopplegg, dagsturar og overnattingsturar i området.

Global Safari er for deg som likar å reise og møte nye menneske og kulturar, men på ein annan måte enn du kan som turist/backpacker. Målet er å verkeleg vere der vi er til ei kvar tid, å sjå bakom det vi ser, og gjere erfaringane om til læring.

Det å reise i tid og rom, gjer også noko med oss – inni oss. Sjansen for å møte seg sjølv er stor! Du vil oppleve å bli betre kjent med deg sjølv, finne ut meir kven du er, kva du tåler, og kanskje kva du vil med livet ditt.

Både før, under og etter dei tre studiereisene våre vil vi bruke tid på å tileigne oss kunnskap og ta i bruk verktøy til å reflektere over og forstå mest mogleg både av det vi ser og opplever i dei landa vi besøkjer. Vi vil også ha fokus på det globale bakteppet. Om vi skal setje eit namn på dette, måtte det bli ”globalt medborgarskap”.

Vi vil også bruke tid på å formidle det vi har opplevd og lært til alle som vil høyre!