Linjeinnhald / Bilde / Film / Studietur / Sosiale medier / Pris

FILM.SUNNMØRE.VERDA

Den eine dagen står du i laussnøen på Strandafjellet Skisenter og flyg ei drone. Då får omgrepet fugle­perspektiv eit nytt innhald.

Ein annan dag låner du dykkerutstyr og hoppar i havet med ein av landets beste undervassfotografar. Over deg leikar surfarane seg. Under deg svømmer fiskestimar i glasklart vatn. Vel heime kan du halde fram med prosessen frå opptak til redigering og ferdig film.

Så er du klar igjen. Klar for nye oppdrag. Klar for å lage ein musikkvideo eller ein fleirkameraproduksjon av ei danseforestilling. Klar for å lage dokumentar om reiser til spanande stadar på Sunnmøre eller ute i verda. På Film.Sunnmøre.Verda blir du ikkje berre ein betre filmskapar, du får óg eit samansatt folkehøgskuleår med storslåtte turar og opplegg saman med dei andre linjene.

 

Linjeinnhald

  • Fiksjon og dokumentar
  • Reklame og action
  • Drone
  • Undervassfilming
  • Timelapse
  • Animasjon/design
  • Final Cut pro X
  • Adobe After Effects
  • Fotografering
  • Kameraføring/steadycam
  • Kamerateknikk/lyssetting
  • Fleirkamera­produksjon
  • Valfri utlandstur

Film.Sunnmøre.Verda er ei ny linje som startar opp skuleåret 2017-18.

På Film.Sunnmøre.Verda vil det vere mogleg for opptak i fantastiske omgjevnader og vere med på massevis av bra turar rundt omkring på Sunnmøre.

Kombinasjonen av fjell og fjord gjev kulisser som andre filmskaparar berre drøymer om. Det er blant anna difor Strandafjellet Skisenter har kultstatus i skifilmmiljøet.

I tillegg vil du ha rundt deg 100 gira medelevar som meir enn gjerne stiller opp på det du ber dei om.

I linjetimane lærer du å bli ein betre filmskapar, men det unike med film-tilbodet på Sunnmøre Folkehøgskule er at du får så mykje meir. For her blir du med dei andre klassene på undervisningsopplegg og turar i inn- og utland.

Når skuleåret er slutt er målet vårt at du har filma ditt beste år!

 
gallery

Bilde

Magiske sekund. Vener for livet.

Eit år på folkehøgskule byr på mange magiske augneblikk. Nokre av dei lagrar du på netthinna. Andre festar du på ein minnebrikke.

Film.Sunnmøre.Verda er ei ny linje. Vi har difor naturleg nok ikkje nokre bilete å vise frem. I staden viser vi nokre generelle bilete av det som ventar deg på skulen.

 
video

Film

Neste år er det kanskje du som har laga skulen sin promofilm.

Film.Sunnmøre.Verda er ei ny linje som starter opp skuleåret 2017-18.

Det betyr at vi naturleg nok ikkje har ein eigen linjefilm å vise frem enno. Det kan du gjere noko med! I mellomtida viser vi skulen sin promofilm.

Vi håper du kan vere med å laga filmar frå undervisningsopplegg med dei andre klassene på skulen –  frå turar i inn- og utland.

Målet vårt er at du skal filme ditt beste år.

 

video
 
tour

Studietur

Ditt val…

Linja Film.Sunnmøre.Verda reiser ikkje på ein eigen tur i november. I staden vert du med ei av dei andre linjene på tur for å dokumentere reisa deira. Du vel sjølv kva tur det skal vere. Meir info om studieturane finn du på dei ulike linjesidene. Ein kortversjon av reisemåla finn du og under under menypunktet «studieturar«.

 
Sosiale medier

Sosiale medier

@sunnmorefhs
Waving goodbye. Going home. #sunnmorefhs #fhsliv #iopfamily #kfukkfumglobal #kfukkfum Foto: ØS
Sjå fleire bilete
instagram
 
prices

Pris

Kostnadar skuleåret 2017-2018
Felleskostnadar:

Innmeldingspengar: kr 2 500,-

Oppholdspengar (kost/losji): kr 70 500,-

Felleskostnader (m.a. utstyrsleige, kopiering, valfag, opplegg og fellesturar): kr 13 000,-

Enkeltrom: kr 9 000,- (vi har begrensa antal rom).

Til saman: kr 86 000,- (dobbeltrom).

Summane i linjetillegget er ut ifrå budsjett. Skulen tek difor atterhald om endringar grunna t.d. valutakursar, prisar på flybillettar og andre tilhøve som vi i liten grad kan påverke.

Elevar som treng spesialmat må pårekne ein ekstra kostnad ut ifrå behov.

Statens Lånekasse gjev stipend og lån i 10 månader (www.lanekassen.no).

Linjetillegg (inkl. utanlandsturar):
Film.Friluftsliv: kr 38 000,-
Dans.Cuba: kr 36 000,-
Musikk.Friluftsliv.Cuba: kr 38 000,-
Idrett.Ball.Sør-Afrika: kr 32 000,-
Global.Safari: kr 55 000,-
Golf.Idrett.Sør-Afrika: kr 40 000,-
Multisport.Sør-Afrika: kr 40 000,-
SjøSnøSurf.Hawaii: kr 42 000,-
Leiartrening: kr 12 000,-
Butrening.Aktivitet
(Linja krev i tillegg eit tilskot frå NAV.)
kr 25 000,-