Linjeinnhald / Bilde / Film / Studietur / Sosiale medier / Pris

FILM.SUNNMØRE.EUROPA

Den eine dagen står du i laussnøen på Strandafjellet og filmar skikøyrarar. Saman med deg har du eit crew av klassekompisar.

Ein annan dag hoppar du i havet i Hoddevika med ein av landets besteundervassfotografar. Over deg leikar surfarane seg. Under deg svømmer fiskestimar. Vèl heime fortset prosessen frå opptak til redigering og ferdig film.

Så er du klar igjen. Klar for nye oppdrag. Klar for å lage ein musikkvideo eller ein fleirkameraproduksjon. Klar for å lage dokumentar frå stadar på Sunnmøre eller på interrail gjennom Europa. På denne linja blir du ikkje berre ein betre filmskapar. Du får óg eit folkehøgskuleår med turar og opplegg saman med dei andre linjene.

Her er det berre å pakke tursekken og filme ditt beste år!

 

Linjeinnhald

  • Dokumentar
  • Reklame
  • Animasjon
  • Undervassfilming
  • Drone
  • Final Cut pro X
  • Adobe After Effects
  • Storytelling
  • Kamerateknikk
  • Kameraføring
  • Foto
  • Toppturar
  • Surfing
  • Klatring
  • Kajakk
  • Ski
  • Interrail - Europa

Film.Sunnmøre.Europa er ei ny linje som startar opp skuleåret 2020-21.

På Film.Sunnmøre.Europa vil det vere mogleg for opptak i fantastiske omgjevnader og vere med på massevis av bra turar rundt omkring på Sunnmøre.

Kombinasjonen av fjell og fjord gjev kulisser som andre filmskaparar berre drøymer om. Det er blant anna difor Strandafjellet Skisenter har kultstatus i skifilmmiljøet.

I tillegg vil du ha rundt deg 100 gira medelevar som meir enn gjerne stiller opp på det du ber dei om.

I linjetimane lærer du å bli ein betre filmskapar. Men det unike med film-tilbodet på denne linja er at du får så mykje meir. For nokre veker blir du med dei andre klassene på undervisningsopplegg og turar. Då får du friluftsliv med på kjøpet. Andre veker vitjar vi høgskulemiljøet i nabobygda Volda. Der er det eit stort tilbod for animasjon, film og “Outdoor Media Production”.

Når skuleåret er slutt er målet vårt at du har filma ditt beste år!

 
gallery

Bilde

Magiske sekund. Vener for livet.

Eit år på folkehøgskule byr på mange magiske augneblikk. Nokre av dei lagrar du på netthinna. Andre festar du på ein minnebrikke.

Film.Sunnmøre.Europa er ei ny linje skuleåret 20/21.

Vi har difor naturleg nok ikkje nokre bilete å vise frem. I staden viser vi nokre generelle bilete av det som ventar deg på skulen.

 
video

Film

Neste år er det kanskje du som har laga skulen sin promofilm.

Film.Sunnmøre.Europa er ei ny linje som starter opp skuleåret 2020/21.

Det betyr at vi naturleg nok ikkje har ein eigen linjefilm å vise frem enno. Det kan du gjere noko med! I mellomtida viser vi skulen sin promofilm.

Vi håper du kan vere med å laga filmar frå undervisningsopplegg med dei andre klassene på skulen.

Målet vårt er at du skal filme ditt beste år.

 

video
 
tour

Studietur

Det meste av det beste.

I løpet av skuleåret vil du nokre veker få vere med på tur med dei andre klassene på skulen. Då er målet å dokumentere reisa deira. Nokre av turane kan du velje sjølv, andre får du i oppgåve å følgje som ein del av filmopplæringa.

På hovudturen i november reiser klassa på interrail sør-austover i Europa. Dette er eit opplegg skulen har gjort i mange år, men sidan linja er ny for skuleåret 20/21, er ikkje reiseruta spikra enno. Det som er sikkert er at du skal lage ein reisedokumentar om eit valfritt tema. Meir info kjem.

 
Sosiale medier

Sosiale medier

@sunnmorefhs
Vi har hoppa i fallskjerm, i strikk og i våtdrakt. Sør Afrika leverer! #sunnmorefhs #fhsliv #sørafrika
Sjå fleire bilete
instagram
 
prices

Pris

Kostnadar skuleåret 2020-21
Felleskostnadar:

Innmeldingspengar:
kr 2 500,-

Oppholdspengar (kost/losji):
kr 77 000,-

Felleskostnader (m.a. utstyrsleige, kopiering, valfag, fellesturar):
kr 14 000,-

Enkeltrom (begrensa antal rom):
kr 9 000,-

 

Til saman (m/dobbeltrom):
kr 93 500,-

Summane i linjetillegget er ut ifrå budsjett. Skulen tek difor atterhald om endringar grunna t.d. valutakursar, prisar på flybillettar og andre tilhøve som vi i liten grad kan påverke.

Elevar som treng spesialmat må pårekne ein ekstra kostnad ut ifrå behov.

Statens Lånekasse gjev stipend og lån i 10 månader (www.lanekassen.no).

Linjetillegg (inkl. utanlandsturar):
Leiartrening:kr 12 000,-
Låtskriving.Studio.NewYork:kr 36 000,-
Musikk.Friluft.Sør-Afrika:kr 38 000,-
Film.Sunnmøre.Europakr 38 000,-
Idrett.Ball.Sør-Afrika:kr 32 000,-
Global.Safari:kr 55 000,-
Golf.Idrett.Sør-Afrika:kr 40 000,-
Multisport.Sør-Afrika:kr 40 000,-
SjøSnøSurf.Interrail:kr 40 000,-
Bo.Aktiv *kr 25 000,-

* Linja krev i tillegg eit tilskot frå NAV.