Linjeinnhald

  • Studietur til Cuba/London
  • Samtidsdans/moderne
  • Jazz
  • Hip Hop
  • Intro klassisk ballett
  • Improvisasjon
  • Koreografi
  • Scenografi
  • Dansehistorie
  • Salsa
  • Yoga
  • Cheerleading
  • Danseklasser i London
  • Danseprosjekt
  • Forestillingar
  • Musikal
  • Dansens Dag
  • Musikkvideo

Hovudstilartane på danselinja er moderne / samtidsdans, jazz og hiphop. I tillegg får du ein smakebit på ulike dansestilar.

Danselinja har fleire gjestelærarar i løpet av året, spesialistar på sine felt. Gode samarbeidsprosjekt på tvers av linjene bidreg til eit variert og spennande opplegg.

Samarbeid og sjølvutvikling
Du får utforske din kreativitet i samarbeid med andre. Vi lagar forestillingar for barnehagar og tek med oss dansen ut i sentrum på Dansens Dag. Danselinja har opptreden med jamne mellomrom, og du får mykje trening i å stå på scenea og formidle.

Framføring
Etter jul jobbar vi målretta mot ein heilaftens-oppsetting i kulturhuset og du vil lære om lys, scenografi og sminke. Du får lære å koreografere ditt eige og får veiledning og oppfølging undervegs. Dette er ei unik utfordring du kjem til å vekse på. Dansegleda er alltid i fokus.

Studietur til London og Cuba
I løpet av året reiser danselinja til London på ei veke studiereise der vi tek danseklasser på bl.a. Pineapple Dance Studios, går på danseforestillingar og ulike musikalar. I november reiser vi til Cuba og får  oppleve ein kultur som er gjennomsyra av dans og musikk.

Sunnmøre – nærleik til naturen
Skulen ligg fantastisk til med utsikt mot fjell og hav. Denne storslåtte naturen vert det mogleg for deg å oppleve, anten i danserelaterte emner eller du kan bli med på eit friluftsopplegg. Eksempel på et slikt opplegg er kajakk, topptur, klatring, snøholetur.

Fasilitetar
Danselinja disponerer ein stor lys dansesal med med speil og ballett barrer. Vi har også tilgang på eit dansestudio med dansematter og utstyr til styrketrening. Desse romma kan du også bruke på kveldstid.

Erfaring og nyskaping
Dans er eit viktig fag på Sunnmøre Folkehøgskule og vi vil at dansepulsen skal merkast i gangane. Musikken fra øving i dansesalen skal inspirere og krydre miljøet.

 

Bilde

Magiske sekund. Vener for livet.

Eit år på folkehøgskule byr på mange magiske augneblikk. Nokre av dei lagrar du på netthinna. Andre festar du på ei minnebrikke.

Her ser du noko av kva som skjer på linja. Du finn fleire bilete på instragram (@sunnmorefhsdans) og på linja sine facebooksider.

 

Film

Dans.Cuba i kortversjon

Har du eit lite minutt? Då kan du få eit lite innblikk i kva som ventar deg på linja. Du finn òg ulike filmar, bilete og nyhende frå ulike opplegg på linja si facebookside. Den oppdaterast kvar veke.

video
 

Studietur

Sunnmøre. Smak på ordet. Eigentleg treng du ikkje meir. Men du får meir. Du får studieturar til Cuba og London med på kjøpet.

I november pakkar du rytmefoten og set deg på flyet til Cuba. Her er det liv og røre heile døgnet. Og i februar er det på’n igjen. Denne gangen er det ei veke i London som byr på opplevingar. Vil du vere med så heng på.

England/London

Laster...
 

Sosiale medier

Instagram icon @sunnmorefhsdans
 

Pris

Kostnadar skuleåret 2024-2025
Felleskostnadar:

Innmeldingspengar:
kr 2 500,-

Oppholdspengar (kost/losji):
kr 89 000,-

Felleskostnadar (m.a. utstyrsleige, kopiering, valfag, fellesturar):
kr 14 000,-

Enkeltrom (begrensa antal rom):
kr 9 000,-

 

Til saman (m/dobbeltrom):
kr 105 500,-

Summane i linjetillegget er ut ifrå budsjett. Skulen tek difor atterhald om endringar grunna t.d. valutakursar, prisar på flybillettar og andre tilhøve som vi i liten grad kan påverke.

Statens Lånekasse gjev stipend og lån i 10 månader (www.lanekassen.no).

Linjetillegg (inkl. ev. utlandsturar):

Linjetillegg for skuleåret 2024-25

Musikk.Friluft kr 32 000,-
Idrett.Ball kr 32 000,-
Global.Safari kr 67 000,-
Alarm.Beredskap kr 40 000,-
Golf.Idrett kr 42 000,-
Multisport kr 42 000,-
SjøSnøSurf kr 42 000,-
Bo.Aktiv * kr 30 000,-

* Linja krev i tillegg eit tilskot frå NAV.