Studietur

Bo.Aktiv reiser som dei andre linjene på utlandstur dei to fyrste vekene i november.

Reisemålet har variert i dei seks åra vi har hatt linja, og vi har vore både til Spania, Sør-Afrika og Gran Canaria. Vi ynskjer å bli betre kjent med klassa og den enkelte elev før vi bestemmer reisemål, slik at vi er sikre på at vi får ein godt tilrettelagt tur som passar for alle som skal vere med.

Å reise på utlandstur saman er veldig bra for klassemiljøet, og vi lærer mykje gjennom å møte ny kultur, ny mat, nytt språk, ny valuta og nye menneske. Når du kjem heim, er du ikkje heilt den same. Du har lært mykje nytt og fått minner for livet.