LINJEINNHALD

Post bilde

Butrening.Aktivitet er ei tilrettelagt linje med plass til 6-8 elevar. I samarbeid med heimen og hjelpeapparatet i heimkommunen din, utarbeidar vi personlege målsetjingar for elevane.

PS: Denne linja krev støtte frå NAV. Av den grunn kan det vere lurt å søkje tidleg. Søknadsskjema er tilgjengeleg frå 1. oktober og opptaket skjer fortløpande.

Butrening.Aktivitet (BOA) har ein del undervisning for seg sjølve, men deltek også på fellesfag, valfag, måltid og sosiale aktivitetar ilag med meir enn 100 ungdomar på skulen. Heile skulen reiser også på mange turar i løpet av året, og er saman på laurdagsseminar, elevkveldar, musikal og mange andre fellesopplegg.

Som elev på BOA får du prøve mykje nytt. For nokon kan det vere å setje på vaskemaskina med eigen klesvask for fyrste gong,  for andre kan det vere å reise langt ut i verda utan den næraste familia rundt seg. Gjennom nye erfaringar og meistring vert du meir vaksen og sjølvstendig, så eit år på denne linja er ein fin overgang for deg som snart skal flytte heimanfrå og bu for deg sjølv.

På skulen vår set vi pris på mangfald. Ingen skal gå rundt som kopiar av andre, og eit av slagorda vi brukar ofte er: «Ver deg sjølv, stå opp for andre». Vi ynskjer å gje deg tru på at du er bra som du er, også med dei utfordringane du har med deg når du kjem. For oss er fire ord på T viktige: Tid, tryggleik, tilpasning og tillit. Fordi vi er fleire vaksne på denne linja, kan vi bruke meir tid hvis du treng det, vi kan skape trygge rammer når du skal lære, tilpasse oppgåvene til dine føresetningar og gje deg tillit slik at du får prøve nye ting og utvikle deg som menneske.

Vi er tre lærarar som jobbar på linja: Beate, Martin og Ingfrid, i tillegg til to stipendiatar. Stipendiatane er andreårselevar som arbeider som miljøarbeidarar og går leiartreningslinje. Du vil merke at dei er viktige for trivselen. På fritida og i helgane vil dei  legge til rette for aktivitetar og sosialt samvær som styrkar fellesskapet.

Opplegget på denne linja krev at du søkjer om ekstra økonomiske ressursar frå heimekommuna, NAV, fylkeskommune eller andre. Du må vere  istand til å bu og stelle deg på rom åleine.