Familiehelg i januar

Post bilde

Familiehelg 17.-19.januar 2020

Familehelga vil avrunde ei hektisk periode med musikaljobbing og musikalen blir framført i kulturhuset Sjøborg for familien på laurdag. Gled dokke!
I tillegg til musikal vert det tid til sosialt samver, mat og ikkje minst ein fellestur i nærmiljøet vårt.

 Fredag 17.januar
19.30: Kveldsmat, og etterpå svelekos
20.30: Klassesamlinger
21.30: Kort sangstund i kapellet

Laurdag 18.januar
09.00: Frukost
10.00: Fellestur i nærområdet (ta med kle, niste og drikke til ein kort tur)
12.30: Laurdagsgraut for elevane (grunna førebuing til musikalen)
13.00. Laurdagsgraut for gjestane
15.00: Musikalframsyning på Sjøborg
17.30: Kaffi og kaker
19.30: Festmiddag

Søndag 19.januar
09.30: Frukost
11.00: Sangstund i kapellet
12.30 – 13.30: Flexi-middag og avreise

Skyss
Det blir ordna med busskyss til og frå hotellet til alle samlingar.

Påmelding
Bruk dette påmeldingsskjemaet.
Frist: 6.januar 2020
Pris: kr 350,- per pers. Dette inkluderer alle opplegg og måltid denne helga. Barn under 12 år er gratis, men må meldast på slik vi får berekne nok mat.
Betaling:  ved ankomst, og vi har både terminal og vipps.

Overnatting
Vi har fullt hus, men hotellet har ledig kapasitet denne helga. Dei rimelegaste prisane får ein ved å booke på Quality Hotel Ulstein

Avslutningsfest
Neste offisielle møtepunkt med invitasjon vert siste skuledag som er laurdag 9. mai 2020.

Vi håper at mange kjem og blir med på ei triveleg helg.
Velkomne til Sunnmøre Folkehøgskule!