Avslutningsfest i mai

Post bilde

Eit kvart skuleår må diverre ha ein slutt. For Sunnmøre Folkehøgskule sin del er det laurdag 11. mai 2019.

I samband med siste skuledag ynskjer vi å invitere til ein storstilt avslutningsfest der vi kan avslutte på ein fin og verdig måte. For å få til det, treng vi hjelp.

Informasjon til storfamilien: 
Sunnmøre Folkehøgskule vil med dette invitere dykk som familie/foreldre/føresette til å vere med oss på avslutningsfesten laurdag 11. mai. Programmet for dagen vil i store trekk sjå slik ut:

Kl. 11.00-12.15 Varm lunsj-buffè (gratis for alle)
Kl. 12.30-14.30 Avslutningsprogram i festsalen

Sjølv om nokon av dykk kjem til Ulsteinvik fredag, håper vi de forstår at vi ynskjer ”å vere åleine” med elevane den siste kvelden i skuleåret. Vi reknar med at festen laurdag er slutt til kl. 14.30, slik at dei fleste kan ha sjanse til å nå heim denne dagen.

For dei med lengst reiseveg, kan det vere lurt å ta overnattinga på vegen før de kjem til Ulsteinvik. Vi har dessverre ikkje ledige rom for overnatting på skulen denne helga.

Aktuelle overnattingsstader i nærområdet er Quality Hotel Ulstein (tlf. 70 01 30 00), Flø feriesenter (tlf. 70 01 50 80) eller Thon Hotel Fosnavåg (tlf. 70 08 10 00).

De er hjarteleg velkomne og vi håpar at så mange som mogleg kan vere saman med oss denne dagen!