Konferanse

Sunnmøre Folkehøgskule har svært eigna lokaler til kurs og konferanse. Våre minste konferanserom passar for ca 10 personar og vårt største ca 200 personar.

Gjennom skuleåret har vi god plass til kurs og konferansar som ikkje har behov for overnatting. I sommarsesongen kan vi også vere vertskap for konferansar med overnatting som går over fleire dagar. Vi har 80 ulike rom og sengeplassar til ca 180 personar.
Som KFUK-KFUM skule arrangerer vi ei rekke nasjonale kurs med særleg fokus på barne- og ungdomsarbeid.

Ta kontakt for meir info: post@sufh.no eller telefon 7000 9600