Kva bakgrunn bør ein ha for å kunne velge dei ulike linjene?

Vi har i utgangspunket ingen faglege eller fysiske krav for å kome inn på dei enkelte linjene, men du må vere positivt innstilt til å prøve nye ting og bidra med det du kan inn i klassemiljøet.

Det er sjeldan vi har elevar som kan alt, men vi brukar å seie at om du har gått 3 år på vidaregåande linje på til dømes musikk eller idrett, kan du ikkje vente at det faglege nivået er høgare på ei tilsvarande linje på folkehøgskule. Mange vel difor noko heilt anna nettopp for å prøve ut noko nytt og få nye erfaringar.

Det som derimot er veldig viktig, er at folk møter opp på det som skjer. Vi ser difor på fråver, orden og åtferd. Dersom du har høgt fråver er det viktig at du skriv noko om årsaka.