Kva er skilnaden på enkeltrom og dobbeltrom?

Enkeltromma på Sunnmøre Folkehøgskule er eit par kvadratmeter mindre enn dobbeltromma, men sidan dette er tidlegare hotellrom, er dei likevel relativt store i folkehøgskulesamanheng (ca 17m2 der badet utgjer ca 3,5 m2).

Elles er det lite skilnad på einerom og dobbeltrom. Vi har ikkje veldig mange einerom, då dei fleste blir prioritert til linja Bo.Aktiv og eventuelt dei som har særskilte behov. Siste åra har søknaden til skulen vore så stor at dei aller fleste må bu på dobbeltrom, og synes dette er ein positiv del av skuleåret. Det er ofte romkameraten du saknar mest når skuleåret er over:)