Er det viktig å søkje tidleg?

Du kan søkje når du vil, men opptaket av elevar startar 1.februar (det gjeld alle folkehøgskular).

Etter denne datoen tek vi opp elevar fram til linjene og/eller skulen er full. Det er altså ingen søknadsfrist, men vi har nokre linjer som blir fort fulle, og innan mars-april kan skulen vere fylt opp. Du vil uansett få ein frist på å svare på om du tek plassen eller ikkje, slik at du kan vente på svar frå andre aktuelle folkehøgskular også.

Unntaket er søkjarar til tilrettelagde linjer som treng ekstra støtte frå NAV eller internasjonale søkarar som må ha visum. Der kan vi starte prosessen med opptak før 1.februar.