Young Mothers Empowerment Centre

YOUNG MOTHERS EMPOWERMENT CENTRE

Å bli gravid utan å vere gift, er veldig stigmatiserande i Tanzania. Er du under utdanning, må du oftast slutte på skulen.

Ofte vil både din eigen familie og lokalsamfunnet støte deg ut, og du vert i stor grad ståande heilt åleine, og på bar bakke. Som KFUK vil vi gjerne bidra til at dei unge mødrene både vert sett, verdsett og støtta. Der er no tre generasjonar med unge mødre som er knytt til dette programmet. I utgangspunktet er det ca. 20 mødre med barn som er med kvart år. Det er både kristne og muslimar i programmet. Nokre av kvinnene har aldri tidlegare fått utdanning, og kan difor verken lese eller skrive.

Dei lærer fylgjande:

  • ViCoBa (Village Community Bank), som er ei mikrofinansgruppe
  • Strikking
  • Sying/søm
  • Ernæring og reproduktiv helse
  • Barnepsykologi og korleis ta vare på og oppsede barnet sitt
  • Psykologi, og å bygge sjølvtillit og sjølvbilde
  • Entreprenørskap

Dei møtast tre dagar i veka. Gjennom alt dette får dei eit godt grunnlag for å møte og handtere dei utfordringane som følgjer det å vere ei ung og ugift mor. Dei får også hjelp til å skape seg eit godt livsgrunnlag og livssituasjon.

Les meir om:
IOP Norge
Young Mothers Empowerment Center.