Ilula Orphan Programme

Sunnmøre Folkehøgskule har gjennom mange år hatt kontakt med Ilula Orphan Programme i Tanzania.

Sunnmøre Folkehøgskule samarbeider med heile denne organisasjonen, men mest den delen som kallast Ilula YWCA (KFUK). Sidan 2012 har denne kontakta vore formalisert gjennom ein samarbeidsavtale. KFUK-KFUM Global spelar ei viktig rolle i samarbeidet, både formelt, fagleg og økonomisk.

Vi har saman prioritert 3 ulike fokusområde i samarbeidsavtalen med Ilula KFUK. Alle programma er knytt opp til SUFH House, eit hus som Sunnmøre Folkehøgskule har finansiert:

  1. Young Mothers Empowerment Centre
  2. Ilula YWCA Youth Empowerment Centre
  3. Ilula YWCA Scouts (KFUK-speiding for både jenter og gutar)

I tillegg vert det jobba med konkrete planar og finansiering av ein fullskala folkehøgskule i Ilula.