Familiehelg i januar

Post bilde

Familiehelg 26.-28.januar 2024 

Familehelga vil avrunde ei hektisk periode med musikaljobbing og musikalen blir framført i kulturhuset Sjøborg for familien på laurdag. Gled dokke!
I tillegg til musikal vert det tid til sosialt samver, mat og ikkje minst ein fellestur i nærmiljøet vårt.

Program:

Fredag 26.januar
19.30: Kveldsmat, og etterpå svelekos
20.30: Klassesamlinger
21.30: Sangstund og info i salane

Laurdag 27.januar
Kl. 09.00: Frukost
Kl. 10.00: Fellestur i nærområdet
Kl. 12.30: Graut til elevane
Kl. 13.00: Graut til gjestane
Kl. 15.00: Musikalframsyning. Kollekt til Ilula (Vipps til IlulaLove, #502494)
Kl. 18.30: Kaffi/te med kaker på Sufh
Kl. 19.30: Festmiddag (matsal, mørestove og Sydvest)
Kl. 21.00: Samling i salene
Kl. 22.00: Frukt

Søndag 28.januar
11.00: Sangstund
12.30 – 13.30: Flexi-middag og avreise

Skyss
Det blir ordna med busstransport til og frå hotellet til alle samlingar.

Påmelding
Frist: 12.januar 2024
Pris: kr 500,- per pers. Dette inkluderer alle opplegg og måltid denne helga. Barn under 12 år er gratis, men må meldast på slik vi får berekne nok mat.
Betaling:  ved ankomst, og vi har både terminal og vipps.

Overnatting
Vi har fullt hus, men hotellet har ledig kapasitet denne helga. Dei rimelegaste prisane får ein ved å booke på Quality Hotel Ulstein

Avslutningsfest
Neste offisielle møtepunkt med invitasjon vert siste skuledag som er laurdag 11. mai 2024.

Vi håper at mange kjem og blir med på ei triveleg helg.
Velkomne til Sunnmøre Folkehøgskule!