Valfag

35-40 valfag

I løpet av skuleåret kan du velge mellom 35-40 valfag som alle er inkludert i skulepengane.

Du vel ulike valfag på haust- og vårsemesteret. Nokre av dei er på tre timar, andre ein heil dag. Du står sjølvsagt fritt til å velje om du vil lære deg nye ting eller gjere meir av det du allereie er mest gira på. På denne måten set du saman ditt eige år.

NB: Valfagtilbodet kan variere noko frå år til år.

35-40 valfag

Ballspel
Det er lite som er så morosamt som ei knallhard ballspeløkt med gode lagkameratar. Dei får du mange av i dette faget, anten du er mest gira på volleyball, futsal, basket, innebandy eller andre ball-aktivitetar. 

Band/vokal/studio
Her kan du utfalde deg i samspel med andre på ulike instrument innanfor tradisjonell pop/rock-besetning. Undervisninga foregår i heilt nye øvingslokaler med eige studio og Mac’ar klar til bruk.

Barista
I skulen sin eigen vesle kaffebar kan du lære meir om prosessen frå kaffebønne til kaffekopp. Det blir tid til både espressobaserte drikkar, handbrygg, Latte Art og besøk på kaffebrenneri.

Dans
Skulen har mange gira dansarar. I dette valfaget kan du få terpe trinn, lære nye bevegelsar og oppleve danseglede. Det blir timar med ulike dansestilar som til dømes hiphop/funk og jazz/contemporary.

Filmproduksjon
Eit folkehøgskuleår er spekka med opplevingar. Nokre av dei lagrar du på netthinna. Andre festar du til film. I dette faget lærer du korleis du kan jobbe med opptak, redigering og etterarbeid.

Fotball
Eit fag med mykje leik med ball og sjølvsagt mykje spel. Gjennom øvingar og spelsituasjonar får ein utvikle seg sjølv og samstundes evna til samspel med andre. Læraren har erfaring frå 1. div-spel.

Friluftsliv, topptur vinter
Dette er faget for deg som er glad i toppturar på ski eller brett. I løpet av vinteren/våren går vi på ei rekke kjende, kvasse og spektakulære toppar i Sunnmørsalpane – så lenge forholda tillèt det.

Friluftsliv/segling
Her vil du segle nokre av dagane. Andre dagar kan du klatre, padle kajakk, gå på fjellturar eller lage mat på bål. Dette er eit fag for deg som har lyst å oppleve meir av både sunnmørske fjell og hav.

Futsal
Futsal er innefotball i gymsalen med høgt tempo, harde taklingar, leikne detaljar og kjappe finter. Økta består av noko øving og mykje spel. Lærar Per Bernt har erfaring frå 1.div-spel.

Gitar
Dette er eit nybegynnarkurs i gitar. Her lærer du nokre sentrale akkordar og litt om korleis akkordar er bygd opp. Etter kvart set du akkordane saman og spelar og syng deg gjennom nye og gamle låtar.

Golf
Golf-faget passer både for den etablerte golfar og for deg som aldri har rørt ei golfkølle. Her trenar vi teknikk (grep, sving og oppstilling) på driving rangen, putting greenen og den lokale bana.

Hybelmat
Lær deg herlege rettar til studentlivet. Her kan du plukke opp gode middagstips. Vi lagar mat etter prinsippet sunt-godt-billeg. Etter faget kan du kanskje imponere som kokk til kvardag og fest.

Innovasjon og Design
«Skaparhuset» er ein plass for deg som likar å leike, utforske, skape, utvikle, dele idear, bygge, teste, fikse og lage prototypar. Her finn du 3D-printerar, laserkutterar, elektronikklab, vr-briller, robotar og mykje meir.

Frå Jord til Bord
Bli med litt vidare i kokkekunsten. Det blir hausting av frukt og bær, fermentering, sylting, behandling av fisk og partering av kjøt. Det heile avsluttast med å lage ein nydeleg kombucha-drikk.  

Klatring
Klatring i ny klatrehall, på utendørs klatrefelt eller på buldresteinar på Flø. Målet er grunnleggande sikrings- og bevegelsesteknikkar. Det blir lagt tilrette til å gå opp til brattkortprøva.

Knivlaging
Her får du designe ditt eige knivskaft, tilpasse og utforme det slik at det passar til bladet og til slutt lage ei lærslire som passar til den ferdige kniven. Vipps, så har du din eigen kniv og slire.

Kreativ foto
Du lærer komposisjonsmessige og fototekniske grep for å ta bedre bilder. Det blir jobba med motivvalg og ulike teknikkar. Tema vil vere naturfoto, portrett, motefotografering og forgrunn/bakgrunn.

Kvilepuls
Nokre gongar går verda for fort. Då er det lurt å lære korleis du kan roe ned tempoet. I faget blir det varierte økter med yoga, spa, strikking, bålkos, maling, musikk, massasje, basseng og god mat.

Longboardverkstad
Lag ditt eige longboard. Vi formpressar og limer saman finèr til brett. Deretter byrjar designprosessen i forhold til form, uttrykk og funksjon – og til slutt bruk av lakk og maling.

Maling
Vi malar på lerret med akrylmaling. Vi jobbar med billedkomposisjon, fargebruk, trykkteknikkar, behandling av verktøy, collage og decoupage, din eigen kreativitet og enkel photoshop.

Mat på bål
Lyst på pizza steikt på bål i ein kjele med sand? Eller lammelår tilberedt i ei kokegrop halvmeteren under jorda? Eller kanskje mørbrad pakka i deig og steikt rett på bålet? Velkomen og velbekomme.

Maxpuls
Eit praktisk fag der du lærer å leie ein treningstime for grupper. Du vel sjølv fordjuping: spinning, styrke eller kombitimar som til dømes step/styrke. Gratis treningssenter 50 m frå skulen.

Minnebok
For mange er eit år på folkehøgskule det beste året i livet. Då er det viktig å ta vare på minnene. I dette faget kan du vere med å fylle skulen si minnebok med ord og bilder og påvirke utsjånaden.

Parkour
500 meter frå skulen har det dukka opp ein splitter ny turnhall med trampoliner, tumblingmatter, Airtrack og skumgrop. Der vil du lære deg nye tricks av Håkon Igland, lærar på Parkour-linja. 

Piano
Du får opplæring i piano med vekt på besifringsspel. Vi har mange piano på skulen, både el og akustiske. Det ligg difor til rette for at du kan halde fram med å øve lenge etter at timen er over.

Redesign
Vi startar faget med eit besøk på Fretex (gjenbrukbutikken). Her kjøper vi plagg og brukte kle som vi etterpå designar og syr til eigne, nye kle. Vi kan òg jobbe med møblar, lamper og liknande.

Skating
Møre Skatehall er ein perfekt leikeplass! Her har du 500 kvadratmeter å boltre deg på. Du finn to ramper og ein street-del. Ein av timelærerane, Johannes Aukan, har forresten vore med i X Games. 

Sjakk
Tidlegare har du spelt nettsjakk eller saman med vener, men no er tida inne for å ta det heile eit skritt vidare. Fokuset blir på opnings-, mellom- og sluttspel og målet er at du skal utvikle spelferdigheitene dine. 

Skriveverkstad
Gira på å auke skrivelysta di? Maria Parr, forfatteren av Vaffelhjarte og Tonje Glimmerdal, er klar til å hjelpe deg med det. Ho lovar store mengder med skriveglede, uansett nivå. 

Squash
Skulen har ein lærar som er ein råtass i squash, og 50 meter unna skulen ligg squashbanene. Det er ein bra kombo. Fokuset er på slagteknikk, bevegelse og spilleforståelse og framgangen ser du frå økt til økt. 

Stop Poverty
Kvart år samlar elevane inn pengar til eit prosjekt i Ilula i Tanzania. Førre skoleår kom det inn nær 650.000,- kroner. I dette faget kan du vere med å planlegge og gjennomføre det elevstyrte arbeidet.

Teatersport
Her skal du leike og le, improvisere og dramatisere. Du lærer grunnleggande reglar i teatersport der både skodespelarar og publikum spelar ei aktiv rolle. NB: Du bør ikkje ta deg sjølv så høgtideleg!

Terrengsykkel
10 fatbikes står og venter på deg som likar å sykle i eit spektakulært fjell-møter-hav-landskap. Det er også flotte, tekniske stiar i nærleiken. Lærar Henrik har vore svensk landslagskøyrar i Trial.

Vokalgruppe/kor
I vokalgruppa syng vi fleirstemte songar i ulike musikalske sjangerar som f.eks pop, jazz, musikal eller klassisk. Kanskje vert du utfordra til å vere solist eller dirigent på ein minikonsert.

Volleyball
Det vert fokus på teknikktrening, mykje spel og innlæring av ulike roller i angrep og forsvar. Det er eit fag der du kan få stor framgang lagmessig og individuelt. På våren deltek du på ei turnering.

Volontør
Faget der omsorg og nestekjærlighet står i sentrum. Her blir det møte med menneske frå ulike samanhengar i nærmiljøet til skulen, på heimebesøk hjå gamle og saman med einslege, mindreårige asylsøkjarar.

Yoga
Eit fag der fysisk aktivitet og mindfullness møter kvarandre. Du får øvelsar som gjev styrke, fleksibilitet, balanse og avspenning, ro og nærvær. Yogastilane vil vere ashtanga, vinyasa og yin.

X-fit
X-fit er inspirert av treningsforma Crossfit og er ei variert og funksjonell trening, utført med høg intensitet. Du trener både styrke og kondisjon, og X-fit er god basistrening – uansett idrett.